Hopp til hovedinnhold
NHN
Gå tilbake til Om oss

Operativ samordningsutval for digital samhandling (SamUT)

SamUT er koordinerande bindeledd mellom forvaltninga på nasjonal nivå og verksemder i helse- og omsorgstenesta. Vi samordnar operativt arbeid med behov og problemstillingar knytt til digital samhandling innan e-helseområdet.

SamUT er ein arena for identifisering og vurdering av behov eller problemstillingar knytt til digital samhandling innan e-helseområdet, på tvers av verksemdsnivå og mellom verksemder innan same nivå.

Våre oppgåver

  • Gje innspel på operativt og taktisk nivå innan løysingar som blir nytta til samhandlingsformål
  • Vere pådrivar for nasjonal innføring av funksjonalitet og løysingar innan digital samhandling.

Med digital samhandling siktar vi til all bruk av digitale løysingar forå dele informasjon knytt til pasientbehandling på tvers av verksemder og organisasjonsnivå i helse- og omsorgssektoren.

Dette kan til dømes vere:

  • nasjonale e-helseløysingar,
  • komponentar i felles grunnmur,
  • nasjonale komponentar i grunndataplattforma eller
  • nasjonale løysingar for eller praktiske forhold knytt til utveksling og deling av pasientinformasjon.

Eigarskap og ansvar

SamUT er eigd og blir forvalta av Norsk helsenett.

Dagsorden, underlag, referat og presentasjonar frå møta våre

Fant du det du lette etter?