Her finn du informasjon om korleis du gjenbrukar innhald som ligg på helsenorge.no
Tekst
Det er dei ulike innhaldseigarene som har opphavsretten for tekstane på Helsenorge. Kven som er innhaldseigar og korleis du skal referere til spesifikt innhald står oppført ved botnen av sida på kvar enkelt artikkel.
Alle har lov til å sitere eller vidareformidle tekstar frå Helsenorge, så lenge kjelder blir oppgjeve.
Publisering av heile artikkelen
Dersom du vil publisere ein Helsenorge-artikkel, ber vi deg oppgje følgjande tekst øvst eller nedst i teksten: Denne artikkelen vart kopiert frå [nettadressa til artikkelen hos Helsenorge] [dato]. Teksten kan ha vorte oppdatert på helsenorge.no.
Bruk av bilete
Dei fleste artikkelbilete er kjøpt frå eksterne leverandørar, og vi kan difor ikkje gje andre løyve til å gjenbruke biletet.
Namnet på eigaren av opphavsretten står oppført rett under biletet, og vi tilrår at du tek direkte kontakt med dei dersom du ynskjer å gjenbruka biletet.
Bruk av videoar
Dei fleste videoane som ligg på Helsenorge er eigde av eksterne leverandørar. Helsenorge kan ikkje gi løyve til andre for å gjenbruke desse videoane.;
Vi rår deg derfor til å ta direkte kontakt med eigaren av opphavsretten om du vil gjenbruke ein video. Eigarnamnet står under videoen.
Om det er Helsenorge som eig videoen, kan du bruke han i samanhengar som har med Helsenorge å gjere. Du må då oppgi Helsenorge som kjelde under videoen, til dømes ved å skrive "Film: Helsenorge".