Hopp til hovedinnhold
NHN
Gå tilbake til Om oss

Personvern og informasjonstryggleik

Vi tek hand om personvern og informasjonstryggleik i nasjonale e-helsetenester og i den nasjonale IKT-infrastrukturen. Vi har også oppgåver innan nasjonal beredskap og tryggleik.

Hovudmåla for arbeidet med tryggleik

  • Sikker og effektiv digital samhandling i helse- og omsorgssektoren. Tryggleik og personvern skal vere ibuande eigenskapar i alle tenestene som blir utvikla og blir leverte frå Norsk helsenett. Vi skal vere ein sikker og trygg tenesteleverandør.

  • Sikker og stabil drift av kritiske IKT-tenester, gjennom godt førebyggjande tryggingsarbeid. Behandlingskapasiteten til helsesektoren og beredskapskapasitet skal varetakast både i kvardagen og under nasjonale kriser. NHN er ein førebudd tenesteleverandør.

  • At helsedata blir forvalta i samsvar med lovpålagde krav og retten befolkninga har til vern av privatlivet, og sikre etterleving av lovpålagde krav om å vareta nasjonale tryggingsinteresser.

Security Operations Center

Security Operations Center (SOC) er Norsk helsenetts interne tryggingsmiljø for deteksjon og respons av vondsinna hendingar og dataangrep.

  • Dette arbeidet bidreg til å sikre at kritiske helsetenester er tilgjengelege for dei som treng dei.
  • Tryggingsmiljøet bidreg også til å verne helseopplysningar og annan sensitiv informasjon som Norsk helsenett forvaltar eller behandlar.
  • SOC utfører løpande tryggingsovervaking av Norsk helsenetts infrastruktur og tenester. Ved tryggingshendingar leverer SOC tryggingsanalyse og avgjerdsstøtte for å halde oppe stabil og sikker drift.

Spørsmål og svar

Fant du det du lette etter?