Helse- og omsorgsdepartementet har utnemt Roar Olsen til ny styreleiar i Norsk helsenett.
Roar Olsen (53) er administrerande direktør for Sikt, tenesteleverandøren til kunnskapssektoren. Han har mellom anna bakgrunn frå Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse. Dei siste fire åra har han også vore styremedlem i Norsk helsenett. Han ser fram til å leie styret dei neste åra.
– Norsk helsenett er i ein posisjon til å vere drivaren for å komme vidare og skape tillit til digitaliseringa i helsesektoren. Selskapet blir ein viktig aktør for å vise at vi klarer å levere på ein måte som gjer at helsepersonell har tilgang til den informasjonen dei treng, når dei treng han, og at innbyggjarane opplever ei samanhengande helseteneste, seier Olsen.
To nye styremedlemmer vart utnemnde
Helse- og omsorgsdepartementet utnemnde også to nye styremedlemmer. Dei to er Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør for Helse vest, og Bendik Bygstad, professor i informatikk ved Universitetet i Oslo.
Både Bryne og Bygstad er glede for å få høvet til å sitje i styret og påverke utviklinga av tenester i Norsk helsenett.
– Som akademikar og forskar er eg oppteken av strategi for e-helse, og ser det som ei spennande utfordring å bidra til å løfte dette viktige feltet. Eg synest også det er stimulerande å bli meir kjent med ein veldriven organisasjon, seier Bendik Bygstad.
– Norsk helsenett ein spennandeog kompetent organisasjon med ei avgjerande rolle for vidareutvikling av digitale løysingar for helsetenesta i Noreg. Eg er takksam for å ha vorte utnemnd til styret og gler meg til vidare arbeid saman med styrekollegiet, seier Inger Cathrine Bryne.
Held fram i styret
Fagdirektør for forsking, innovasjon og utvikling i KS Kristin Weidemann Wieland held fram som nestleiar i styret. Fastlege Kjartan Olafsson og tidlegare ekspedisjonssjef hos Riksrevisjonen Therese Johansen er også med vidare
Representantar frå dei ansatte er Cathrine Hole, Sindre Solem og André Meldal.