Regjeringa har gitt Norsk helsenett ansvaret for tryggingsmiljøet som skal styrkje vernet til kommunane mot digitale truslar
KommuneCERT skal fungere som ei førstelinje mot kommunane og koordinere hevendelser frå andre responsmiljø, slik at kommunane har eitt kontaktpunkt ved tryggingshendingar.
– Norske kommunar opplever stadig oftare at datatryggleiken er under press, og fleire har signalisert eit behov for meir hjelp frå nasjonale styresmakter. Derfor opprettar me no eit responsmiljø som skal bidra til å gjerekommunane betre rusta til å handtera digitale hendingar og truslar, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung i ei pressemelding.
Regjeringa ønskjer å etablere KommuneCERT i det eksisterande tryggingsmiljøet for helsesektoren, HelseCERT, som blir drifta av Norsk helsenett.
Norsk helsenett kjenner kommunane godt
Norsk helsenett hjelper helsesektoren med å førebyggje, oppdage og handtere cyberangrep gjennom HelseCERT. Dei har jobba tett med mange kommunar over mange år med å sikre primærhelsetenesta. Gjennom dette arbeidet har Norsk helsenett vorte godt kjent med kommunesektoren.
– Det at regjeringa vel å gi oppgåva om å etablere eit KommuneCERT til oss i HelseCERT ser vi på som ei anerkjenning av fagmiljøet vårt og dei tenestene og kompetansen vi har bygd opp, seier Gunnar A. Johansen, avdelingsdirektør for HelseCERT.
Slik skal vi styrke motstandsdyktigheita i kommunane
Gjennom Nasjonalt beskyttelsesprogram (NBP) har HelseCERT bygd opp sentrale tenester som:
- informasjonsdeling
- varsling og tilrådingar
- sårbarheitsskanning
- sensorplattform for deteksjon
- inntrengingstesting
- hendingshandtering
Desse tenestene skal KommuneCERT byggje vidare på og styrkje ytterlegare. Dette aukar motstandsdyktigheita og vil hjelpe kommunane til å bli så sikre som mogleg.
– Vi ser verkeleg fram til å bidra til å heve den digitale motstandsdyktigheita i kommunane i landet. Dette er ei stor og viktig oppgåve. Stor fordi det er snakk om mange kommunar, heile landet og mange system og tenester. Viktig fordi digital tryggleik og motstandsdyktigheit er ei sentral brikke for å støtte opp under dei kommunale tenestene, seier Johansen.