Gå til hovedinnhold

Fleire tar i bruk video i pasientbehandlinga

Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane tar i bruk video i pasientbehandlinga. Det er resultatet av eit samhandlingsprosjekt, kor også KS har deltatt. Norsk Helsenett driftar videotenesta som er i bruk.

Prosjektet "Telemedisin Sogn og Fjordane" er eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Førde, KS og dei 26 kommunane i fylket. Norsk Helsenett har vore bidragsytar ved å støtte prosjektet med rådgjeving, og har lagt til rette for teknisk bruk av telemedisin og videokonferansar.

Lange avstandar

Eit viktig mål i prosjektet har vore å bruke video i konsultasjonar og samtalar med pasientar. I praksis inneber det til dømes at ein spesialist kan undersøke og starte behandling av ein pasient som held til langt unna.

Video er både nyttig og tidssparande i eit fylke som Sogn og Fjordane som er prega av høge fjell, store avstandar og lang reisetid. Prosjektet har bidratt til å få på plass IKT-infrastruktur, auka nettkapasitet og i prosjektet er det testa ei rekke områder der video er spesielt godt eigna.

Raskare svar og færre reiser

Prosjektrapporten viser at videokonsultasjonar gir fleire fordelar for pasienten, som raskare svar og færre og kortare reiser. Samtidig kan helsepersonell reise mindre ved undervisning, møter og konferansar.

I første halvår av 2014 har hudavdelinga i Helse Førde brukt video i nærare 80 konsultasjonar. I tillegg er telemedisin brukt ved lokalsjukehusa og legekontora i Flora og Gloppen.

Dei siste månadane har alle sjukeheimane i Nordfjord installert videostudio. Fleire andre kommunar er også i ferd med å ta i bruk telemedisin. På sikt er planen at alle kommunane i fylket skal ta i bruk video.

Lenker