Vi får ei stadig viktigare rolle og med dette følgjer eit ansvar for å drive verksemda på ein berekraftig og ansvarleg måte. Berekraft skal vere ein naturleg del av tenestutviklinga og leveransane våre.
Kva er berekraft for oss?
Berekraftig utvikling handlar om å jobbe godt innanfor dei tre dimensjonane klima og miljø, sosiale forhold og økonomi og styring. Vi har plukka ut dei berekraftsmåla frå FN korvi kan bidra mest:
Våre berekraftsløfter
Basert på berekraftsmåla vi valde, har vi utarbeidd berekraftsløfte som dreier seg om både rolla vår som nasjonal tenesteleverandør og som verksemd.
- Gjennom vårt samfunnsoppdrag bidreg vi til digitalisering og ei meir berekraftig helseteneste.
- Som ansvarleg verksemd må vi ta stilling til: Korleis vi bruker vår innkjøpsmakt? Korleis produserer og forbruker vi? Korleis jobbar vi i den sosiale dimensjonen med inkludering og mangfald?
Under kan du lese meir om kvart enkelt berekraftsløfte.
Løfte for eit berekraftig samfunnsoppdrag
Vi skaper og leverer tenester som forenklar kvardagen til helsepersonell
Vi leverer sikker infrastruktur og stabil drift av samfunnskritiske tenester
Vi tilbyr tenester og informasjon slik at innbyggjar kan meistre eigen helsekvardag
Vi er ein pådrivar for innovasjon gjennom samarbeid med sektor og næringsliv.
Løfte som ei ansvarleg verksemd
Vi stiller krav til leverandørane våre innan klima og miljø, menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
Vi bidreg til å redusere klima- og miljøavtrykket, og er ein pådrivar for berekraftig forbruk og produksjon
Vi varetek våre tilsette, og jobbar aktivt for mangfald, inkludering og likestilling
Vi er ei leiande lærebedrift med god sosial og fagleg oppfølging av lærlingane våre
Rammeverket
Norsk helsenett har arbeidd systematisk med berekraft og nytta eit rammeverk basert på SDG Compass. Vi har følgt ein prosess gjennom ulike fasar, for til slutt å komme fram til eit tiltaks og handlingsplan. Arbeidet har gått føre seg gjennom prosjektarbeid med arbeidsgrupper og leiargruppe.
Bevisstgjering
Kartlegging
Vesentlegheitsanalyse
Mål og fokusområde
Løfte, tiltak og planar
Du kan lese meir om prosessen i årsrapport for 2022 og våre berekraftslovnader i årsrapport for 2023. Her finn du også forenkla klimarekneskap for 2022 og 2023.
Arbeidet vårt med openheitslova (Åpenhetsloven)
Openheitslova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre allmenheten tilgang til informasjon. Lova pålegg Norsk helsenett ei informasjonsplikt, og ei plikt til mellom anna å gjennomføre varsemdvurderingar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, i tråd med OECDs retningslinjer.
Vi arbeider kontinuerleg med varsemdvurderingar etter openheitslova. Forklaringa for perioden 2022-2023 kan du lese her: Utgreiing av aktsemdsvurderingar etter openheitsloven
Send spørsmål som gjeld openheitslova til